Ny merkevare for Visit Nordfjord

Arbeid av Creuna

Visit Nordfjord har fått ny merkevare og visuell identitet. No skal Nordfjord trollbinde opplevingsturistane med fjell, bre og stormande hav.

Reisemål Stryn & Nordfjord byttet navn til Visit Nordfjord i 2016, og fekk hjelp av Creuna til å utvikle ny merkevare og visuell identitet. No har både store og små aktørar i Nordfjord-regionen fått ei god ramme å sette si marknadsføring og profilering inn i, og ei rikhaldig verktøykasse som gjer det enklare å vere ein profesjonell aktør. 

Svar på utfordringar

Nordfjord er lite kjend, også i Norge, og Norge er eit lite land i ei stor verd. Merkevaren har som oppgåve å sette Nordfjord på både Norgeskartet og verdskartet. Nordfjord er som indrefileten i det norske reiselivsproduktet, men treng å få fram kva som er unikt samanlikna med andre fjordregioner i Norge. For mange er Nordfjord i dag berre eit stopp på reisa frå Sognefjorden til Geiranger. Merkevaren skal gjere turistane nyfikne og lystne på å bli lengre og oppleve meir av regionen.

Alt i ein fjord

Nordfjord er den mest kompakte og komplette Norgesopplevinga, med spektakulær natur og opplevingar i hjartet av det norske reiselivsproduktet. Innafor eit avgrensa og svært tilgjengeleg område mellom den store breen og storhavet er det tett mellom mektige naturopplevingar, stimulerande aktiviteter, god lokal mat og rike kulturopplevingar som gir ei heilskapleg oppleving av det særeigne Norge. Ei reise gjennom Nordfjord er det ypparste Norge har å by på. I Nordfjord finn du alt, derav slagordet  «Alt i ein fjord». 

Fram med spydspissane

Nordfjord er kompakt og komplett, men treng å lyfte fram spydspissane og høgdepunkt der dei er størst og best og høgast og villast. Dette skal nordfjordingane no seie høgt og tydelig og med sjølvtillit, utan å vere brautande. Slik skal ein få folk til å stoppe opp og legge merke til Nordfjord.

I Nordfjord har dei til dømes det villaste havet i Norge, det høgaste fjellet i Norge med foten i fjorden, det tøffaste fjelløpet i Norge,  den største fastlandsbreen i Europa, det største vikingskipet i verda, og meir til.

Namn og logo er samme sak

Logoen lyfter fram namnet. Nordfjord med «nord» og «fjord» er det beste namnet ein kunne hatt, særleg internasjonalt. Namnet har fått ein form som er inspirert av forma på sjølve fjorden. Den er dynamisk og ber i seg lovnad om ei reise. Samtidig er den gjort kompakt, Nordfjord er 100 km der det er tett mellom høgdepunkta. Slagordet «alt i ein fjord» understreker dette, her finn du alt, ikkje berre dei storslåtte naturopplevingane, men og kultur og matopplevingar som gjer Nordfjordbesøket komplett.

Kommentarer

Ingen kommentarer ennå.

Logg inn eller opprett en konto for å være med i diskusjonen.