– Inkludering gjort riktig
Platecover med dyster Thorbjørn Egner-lek, et videoportrett, olympisk identitet og et middelaldersk elektronisk instrument er noe av det Design Director i ANTI, Kristoffer Eidsnes, fremsnakker i ukens Kudos.
BIO
Kristoffer Eidsnes er Design Director i ANTI, hvor han snart har vært ansatt i 10 år. Jobber med de minste og de største kundene som finnes der ute. Glad i å lage platecover. Stril i eksil på Tøyen.
– Takk for stafettpinnen og dei fine orda, Sebastian! Det er ei fryd å jobbe med deg òg! <3 Eg skal prøve å kome opp med litt ulike jobbar her, med ok nok breidde og variasjon. (Og ja, det er berre å glede seg til presten dukkar opp i tv-ruta dykkar, folkens.)
Fortell om én eller flere norskproduserte jobber du er glad i
– Først ut er ein av mine norske favorittjobbar frå dei siste åra, identiteten som vart laga for 50-årsjubileet for kunstuniversitetet i Linz, signert Bleed. Kompromisslaust, tydeleg, dynamisk og komplekst. Typografisk sterkt. Ser bra ut på alle flater og har mykje gjenkjenning i seg, samstundes som det utfordrar. Rotete på ein digg måte?
– Så til ein (litt) gammal, men god ein. Videoportrettet av bergensbandet Young Dreams frå 2013, signert Kristoffer Borgli (lenge før Nicolas Cage). Location, foto, rytme, vepsen, musikken, klippen og stemninga her er heilt perfekt. Kvar gong eg ser den på nytt, får eg lyst til å flytte heim til republikken. «Lukk vinduet!»
– Og vi må sjølvsagt ha med eit platecover her òg. Annika Linn Verdal Homme er ein av dei mest spennande illustratørane der ute no om dagen, og jobben hennar på Hudkreft si andre plate frå folk og røvere i «Osyo By» er kanskje hennar beste hittil. Nydeleg dyster leik med Thorbjørn Egner, med eit fantasifullt uttrykk som skapar eit univers ein har lyst til å forsvinne ned i. Litt stygg på ein deilig måte. Passar musikken perfekt og gjer seg veldig godt som merch òg!
Nevn et eller flere inspirerende internasjonalt/utenlandsk arbeid du gjerne skulle ha lagd selv
– Ingen i verda lagar så tighte produkt og presenterer dei på ein så lekker måte som Teenage Engineering har gjort opp gjennom åra, så det var veldig gøy då dei plutseleg kom med desse herlege greiene for deira nye produkt «EP-1320», eit middelaldersk elektronisk (!) instrument. Middelalder og teknologi skal jo ikkje passe spesielt godt saman, men dette her er heilt nydeleg, sært, rart og merkeleg — ikkje minst den litt stormannsgale lanseringsvideoen. All middelalderen til tross, er produktet framleis utruleg presist og stramt. Eg elskar det.
– Eg har alltid vore svak for gamle olympiske identitetar (få ting overgår Mexico '68, med Montreal '76 og München '72 på sølv og bronse), men etter Lillehammer i '94 har det blitt veldig mange generiske, safe og rett og slett dritkjedelige identitetar, med årets logo for Paris '24 som eit grusomt siste løp på stafetten. Men når det er sagt, så hadde årets OL-identitet eit lysglimt i form av eit aldri så lite etterlengta comeback for den gode gamle plakaten! I ein slags fransk «Hvor er Willy?»-verden, har illustratør Ugo Gattoni laga si eiga verd, med ein vanvittig detaljrikdom som ein verkeleg fort blir fortapt i, og nye ting dukkar opp jo lengre ein ser på dei.
– Om du forresten lurte på kva som var i den avlange boksen utøvarane fekk saman med medaljane under medaljeseremonien, så var det denne plakaten her. Ingen maskott eller blomar denne gongen. Kvar plakat kom òg med gull, sølv eller bronse-effektar i sjølve trykket, alt etter kva medalje dei hadde vunne. Ein siste hyggeleg detalj er at dei har likestilt og inkludert Paralympics på same nivå som «vanlege» OL her, ved å dele illustrasjonen i to og ha to plakatar som heng saman. Inkludering gjort riktig!
– Det er kanskje ikkje heilt originalt på seinsommaren her, men eg klarer ikkje å la vere å trekkje fram Brat-fenomenet frå Charli xcx. Utan tvil tiårets beste lansering for ei musikkutgiving. Ein herleg motpol til Taylor Swift sitt univers (Sorry, not sorry). Det eg likar best, er at ideen kom frå Charli sjølv og ikkje er noko kynisk kalkulert frå innleigde kreative flinkisar. Minimalistisk, men likevel gjennomsyra av leikenheit og meining, akkurat som musikken på plata. Dette er genuin og ekte zeitgeist-perfeksjonisme.
– Når det er sagt, må det nemnast at sjølve utføringa, art direction og designarbeidet òg er eit utruleg solid stykke arbeid, signert Brent David Freaney og gjengen i Special Offer Inc. saman med Creative Director Imogene Strauss. Nydelege vinyl- og CD-variantar, Brat Wall'en, *fargen*, typografien, lyric-videoane, Apple-dansen, Boiler Room-showene, diskografi-takeoveren på streamingplattformene, Lorde og Billie, og ikkje minst: Verdas beste Deluxe Edition-cover!
– Det vart òg litt ufrivillig meta-gøy og kleint med alle dei krampaktige «Brat Summer»-tolkingane som dukka opp etter kvart. Aftenposten sin Vink-artikkel var kanskje den lokale verstingen.
Hvem vil du sende stafettpinnen videre til, og hvorfor?
– Eg er fødd og oppvaksen på sauegard, så det er berre rett og rimeleg å sende stafettpinnen vidare til ein annan sauebonde, gjerne ein som òg har sauer i Eksingedalen. Difor blir det den dyktige designaren Håvard Bergo sin tur. Eg gler meg til å sjå kva som rører seg i hovudet hans.