Lyfter fram lokale forfattarar
Fire kjende norske forfattarar med lokal tilknyting prydar no veggane på Lom folkebibliotek.
Aktuelt byrå
NoA | Anorak
– Vi er veldig glade for at Lom folkebibliotek tok kontakt med nett oss for dette oppdraget. Dette har vore eit prosjekt vi verkeleg har kosa oss med. Svein og Catrine har fått glimra i faget sitt, og eg har fått lese dikt i arbeidstida – og børsta støv av nynorsken, seier rådgjevar Marianne Skøien Krognes.
– Vi ønskte å skape ein design som ikkje berre heidrar verka til forfattarane, men òg speglar dei særeigne stadene i Lom og tidene dei levde i. Illustrasjonane er haldne enkle, med handteikna portrett og landskap. Målet var å skape eit tidlaust uttrykk som lèt sjåaren få ei visuell oppleving av livet og litteraturen til forfattarane, seier Svein Werner Lyngmyr.