Ny tekstforfattar på plass i HvabeHager

I januar får tekstbyrået HvabeHager ein splitter ny tekstforfattar med på skrivelaget.

69010 47d08 original
Liv Ragnhild Sjursen. Foto © HvabeHager

– 2015 har vore eit spanande år for oss med mange nye oppdrag, og me kjem til å utvide verksemda vår enda meir i 2016, fortel dagleg leiar Camilla Hager.

Ho er gründar og dagleg leiar i HvabeHager. No har dei tilsett ein tekstforfattar til på fulltid.

Med språk, kommunikasjon og journalistikk i bagasjen

Liv Ragnhild Sjursen er ei språkkyndig dame med mastergrad i språkleg kommunikasjon frå NTNU. Ho har nynorsk som hovudmål, men skriv sjølvsagt prikkfritt på bokmål òg. Ho har jobba som journalist for NRK, og med internkommunikasjon, nett og sosiale medier på NTNU.

Ifølgje Hager lagar Liv Ragnhild tekstar med flyt i, skreller vekk unødvendige formuleringar, og sørgjer for samanheng på alle tekstlege nivå.

– Eg har sans for det enkle, og likar at ein tekst held det den lovar og ikkje gjer seg for mykje til. Eg veltar meg (som regel) ikkje i grandiose adjektiv, men køyrer ein nøktern stil slik at lesaren slepp å lure på kva det eigentleg er teksten prøver å formidle, seier ho.

Nynorske fraser med godt innøvd radiostemme

– Me er veldig glade for å få med oss ein så språkmektig person på laget. At Liv Ragnhild òg skriv på beggje målføre er eit pluss, seier Hager.

HvabeHager lagar språkprogrammet «Ka sa du, sa du?» på nyoppstarta Radio Trondheim, og der kjem Liv Ragnhild sine mange timar bak mikrofonen til nytte, fortel ho.

– Med erfaringa Liv Ragnhild har frå NRK er ho eit bra tilskot til radioredaksjonen vår.