Reklamefilm som egentlig er kortfilm
Filmfotograf Runar Sørheim jobber selv med TV-serier og film, men han synes det er høyt nivå på reklamefilm. Han har valgt ut noen favoritter.

BIO
Runar Sørheim, 34 år gammal filmfotograf frå Ørsta, som bor i Oslo. Har jobba med TV-seriar som «Twin» for NRK og «Etter Lørdag» for TV2, til dokumentar og prisbelønna kortfilm som «No Man Is An Island» og så klart reklame. Har også regissert dokumentaren «Lykkejegerne» for VGTV. Er utdanna fra Den Norske Filmskolen og er representert av The Talent Group.
– Takk for stafettpinnen og artig utfordring Liv Mari. Tenkjer det er høgt nivå og mange reklamefilmar som inspirerer, så om eg skulle valt ei anna veke kanskje hadde det vore nokon andre filmar eg trekt fram, men no blir det desse:
Fortell om en eller flere norskproduserte jobber du er glad i
– Liker vendinga Marc Reisbig og Anorak sin reklamefilm for Kirkens Bymisjon tek. Dette er for meg utruleg bra bruk av sjanger, og den er nok dessverre meir aktuell no enn då
– Kudos og til Kavar Singh og Los & Co sin Vinmonopolet reklamefilm fra tidlegare i år, nærare ein Norsk Euphoria estetikk har vi vel ikkje vore.
Nevn et eller flere inspirerende internasjonalt/utenlandsk arbeid du gjerne skulle ha lagd selv
– Eg er veldig glad i «sjangeren» reklamefilm som eigentleg er kortfilm, for det er reklameFILM, som Martin De Thurah sin DNB film så elegant viser.
– Samt Google Pixel (triologien?, men her representert med ein) til Stefanie Soho.
– Stefanie er verd å spinne videre på, for denne reklamen for menneskerettigheiter er på sin plass for tida.
– Kanskje slutte med litt humor og energi.
Eller ikkje:
Hvem vil du sende stafettpinnen videre til, og hvorfor?
– Sender stafettpinnen vidare til regissør/produksjonsdesignar/rekvisitør Hedda Virik, som er utruleg inspirerande og kreativ (sjekk ut Insider videoen om «How Frozen-In-Time Scenes Are Shot For Movies And TV» på Youtube) tipper ho har noko originalt og spennande å vise fram.