Kva er det med Sunnmøre?

SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin reklamefilm får alle utflytta sunnmøringar til å lengte heim.

Med filmen «Kva er det med Sunnmøre?» vil SpareBank 1 Søre Sunnmøre vise fram mangfaldet i lokalsamfunnet som banken er med på å støtte gjennom sitt samfunnsengasjement.

– Kvart år delar SpareBank 1 Søre Sunnmøre av sitt overskot og støttar lag og organisasjonar, gode prosjekt, unge talent og eldsjeler. Det at banken er ein sentral bidragsytar på Sunnmøre følte vi var underkommunisert, og noko vi ønskte å sette fokus på gjennom ein reklamefilm, seier kommunikasjonsansvarleg Veronica Pilskog i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Atle Remmereit fra Volda har regi på filmen, og med lokale råvarer foran og bak kamera var målet å skape eit troverdig avtrykk av det sunnmørske lokalsamfunnet.

– Filmen skapar stoltheit og har vorte ein «snakkis» på bygda heilt sidan starten. Vi har hatt ein tydleg visjon som har ført til ein saumlaus gjennomføring. Det har vore veldig kjekt å samarbeide med alle involverte partar, seier Pilskog.