– Med konseptet «Vi reiser saman» set Skyss punktum for ein lang periode med avstand og råd om å reise mindre kollektivt. Etter ei tid med smittevern og peikefinger, er det fint å gå i front om å på nytt eige posisjonen om å heller 'reise saman'. Det er også fint å skape tekstar som gjer folk litt stolt av livet sitt, og staden der dei bur. Og i same slengen, kanskje gjere eit fylkeskommunalt transporttilbod frå A til B, til noko meir, seier kreatør Mari Kihle.
Ein ren feelgood-film med julestemning på Vestlands-måten, ribbet for generiske klisjéer men som også rommar det som ikkje er så feelgood med jula.
– Vi hadde ein visjon om å fortelje historiane om dei reisande i Vestland, med ressursar frå Vestland. Kampanjen er produsert med lokale krefter. Frå idé, cast, filmproduksjon, lyd, lys, klipp, grading, etterarbeid og digital framstilling. Alle filmane er skotne på 16 mm, av Ole Marius Elvestad og resten av teamet i På Film, sier kreativ leder Doffen Trellevik.
– Fellesskap er sjølve kjernen i kollektivtransport. Vi skal ikkje same veg nødvendigvis, verken i livet eller i jula, men ei lita stund reiser vi saman likevel, seier rådgivar Conny Breivik.
Andre involverte
Tom-Asle Flatholm
Designer
Linda Hansen
Prosjektleder
Pedro Moreira
Motion Graphics
Svein Kvamme
Animasjon
Conny Breivik
Strategisk rådgiver
Marie Tveit
Digital rådgiver
Merete Raknes
Ansvarlig hos kunde